, Tjønnås bru, Lunde,

Linje 322 og 121: Omkjøringsveg for bussane stengt i samband med bruarbeid på Åse bru

Gyldig fra: 18.08.2021 Gyldig til: Inntil videre
Berørte linjer: 322, 121, Skolebussar,

Under ein internkontroll i fylkeskommunen i juni 2021 vart det avdekt at Tjønnås bru, som vert nytta som om omkøyringsveg når Åse bru er stengt, ikkje er godkjent for meir enn 6 tonn akseltrykk. Dei store bussane som Vy nyttar har ca. 10 tonn akseltrykk. Vi har difor saman med dei som arbeider med veg hjå oss og Vy buss sett på alternativ.

Konsekvenser for reisende med lokalbuss og skolebuss:
  • Det vert opparbeidd ein snuplass for buss ved Tjønnåsvegen 35, og ein snuplass for buss like ved anleggsområdet ved Åse bru.
  • Bussane køyrer då Lunde-Tjønnåsvegen 35, reisande/elevane går av bussen og gjennom jernbaneundergangen, for å gå på bussen som køyrer vidare derifrå til Bø stasjon.
  • Tilsvarande ordning er det frå Bø stasjon til jernbaneundergangen ved Åse bru, der reisande/elevane går av bussen og gjennom jernbaneundergangen, for å gå på bussen ved Tjønnåsvegen 35, som køyrer vidare til Lunde stasjon.  
  • Avgangen kl. 1320 frå Bø skule som har gått til Svenseid, med retur til Bø, avsluttar ruta ved Tjønnås kryss.  

  • Kjøreoppsettet og rutetider finnes her.

Vi seier oss svært lei for den ulempa dette medfører for reisande, vi vil gjera det vi kan for at perioden med omkøyring vert så kort som råd.