Buss og båt - kvar sin veg!
Sist oppdatert: tirsdag 31. mars 2026 - 12:00
Med Farte kjem du deg enkelt til og frå kanalbåten, og du kan kombinere buss og båt for ein spennande og variert tur. Dette er både enklare og billigare enn du kanskje trur.
Slik reiser du med Farte og kanalbåt på Telemarkskanalen
Farte er ikkje berre noko du bruker til og frå jobb eller skule – Farte er også ein del av Telemarkskanalen! Her kan du velje å ta bussen den eine vegen og båten den andre, og oppleve både det moderne og det historiske Telemark på same dag.
Du kan kjøpe bussbilletten samtidig som du kjøper billett til kanalbåten på nettsidene til Telemarkskanalen (BURDE DET VÆRE EN LENKE HER), eller du kan bruke Farte-appen for å finne den beste prisen. Dette gjer det enkelt å planlegge heile turen på førehand.
Langtur mellom Skien og Dalen
-
Start dagen med kanalbåten frå Skien kl. 08:10, framme i Dalen ca. 18:30.
-
Ta Farte-bussen tilbake frå Dalen kl. 18:45, og du er attende i Skien kl. 21:40. Her får du ein lang, minnerik dag på kanalbåten – så kan Farte kjøre deg tilbake til Skien.
Tur mellom Dalen og Ulefoss
- Kanalbåten frå Dalen kl. 08:50, kjem til Ulefoss sluse kl. 15:20.
- Retur med Farte-bussen frå Ulefoss kl. 15:45, tilbake til Dalen kl. 18:20. Ein flott dag der du opplever både båt og buss som ein naturleg del av Telemarkskanalen.
Kortare tur mellom Skien og Ulefoss
- Farte sin linje R1 går frå Skien Landmannstorget kl. 09:20 til Ulefoss sluse kl.10:05
- Kanalbåten frå Ulefoss sluse kl. 10:30.
- Retur med Farte-bussen frå Lunde sluse kl. 13:25, direkte tilbake til Skien. Denne turen passar godt for familiar eller for deg som vil oppleve kanal og kollektiv på ein roleg dag.
Kvifor velje Farte og kanalbåt?

Gode tips for turen
- Sjekk rutetidene nøye, og bruk Farte-appen for billettar og informasjon.
- Bestill både buss og båt på førehand, spesielt om sommaren.
- Finn fleire turforslag og rutetabellar på telemarkskanalen.no.
Opplev kvardagsreisa på ein ny måte