Bur du i Midt-Telemark? Då vil vi ha innspel på nye haldeplassnamn
Namn På Haldeplass I Midt Telemark

Bur du i Midt-Telemark? Då vil vi ha innspel på nye haldeplassnamn

Det blir sagt at det som ikkje er hogge i stein, kan endrast. Det gjeld også namn på haldeplassar.
Publisert: lørdag 07. januar 2023 - 12.00

Farte vil derfor invitere inn til ein liten uhøgtideleg konkurranse der vi ønskjer forslag på nye haldeplassnamn på enkelte haldeplassar i Midt-Telemark.

Det er enket å delta!

Send oss ei melding på Facebook her og bli med i konkurransen. Da er du med i trekning av periodekort!

Videreføre gamle namn eller lage nye?

I samband med at Farte Regionruter har tatt over bussruta Seljord – Skien, ønskjer vi å vurdere om nokre namn på busshaldeplassar bør byttast ut- eller få eit tilleggsnamn. Døme på dette er haldeplassen Sperrud Beverøya. Kanskje kan haldeplassen på Gvarv kallast Gvarv kryss Sjøbua, for å vidareføre det gamle namnet der elva blei kryssa?

Rett og gjenkjennelege namn.

Det er viktig at haldeplassnamnet opplevast som rett og gjenkjenneleg, både for lokalbefolkninga, men også for folk som ikkje er så godt kjende. Difor kan plassar som er kjent og av interesse for fleire vere gode namn å bruke på busshaldeplassar.

Desse haldeplassane er aktuelle å endre

Vi har valt ut desse haldeplassane som aktuelle å vurdere namnet til:

  • Årnes Søndre
  • Teksten
  • Gvarv kryss
  • Moen Gartneri
  • Åsgrav
  • Bø kommunehus
  • Folkvang
  • Tveitan

Slik deltar du med gode vinnarsjansar

Dersom du har eit forslag på nytt namn sender du oss ei melding på facebook.no/farte.no her. Skriv ei grunngiving for forslaget ditt på nytt haldeplassnamn og send det til oss.

Vi trekker ut periodekort som premiar, og lovar gode vinnarsjansar