
På bussen kan eg kople heilt ut
Pendla sidan januar
Høksaas tek bussen i samband med jobben han har på Skagerak Arena som utviklingsleiar. Han starta i ny jobb i januar, og har pendla sidan då.
- Eg jobbar fire dagar i Skien, og bruker buss to til tre dagar. Eg var ikkje klar over dette tilbodet før ein kollega nemnde det til meg. Han bur også i Bø, og bruker også å pendle innimellom.
- Det er ikkje mange turane med bil du skal ha før du er oppe
i det same beløpet som eit månadskort
Ralph Høksaas, busspendlar
Billigaste måten å reise på
Å reise frå Bø til Skien kostar 500 kroner for 30 dagar, og er ein av grunnane til at Bøheringen-væringen pendlar. Han liker også at det er hyppige avgangar begge vegar.
- Buss er den desidert billigaste måten å reise på. Det er ikkje mange turane med bil du skal ha før du er oppe i det same beløpet. Det kostar med drivstoff, og ikkje minst bompengar. Eg likar også at det er så hyppige avgangar med bussen, ein slepp å vente for lenge på neste buss.
Sjå pris og rutetid i Farte Reiseplanleggar her
Bysykkel
I Skien kan Høksaas hive seg på ein el-bysykkel for å komme seg til jobben på Skagerak Arena. I Bø pleier han å sykle eller gå for å komme seg til busshaldeplassen.
Les meir om Farte Bysykkel her
- I sommarhalvåret syklar eg til togstasjonen i Bø, på vinteren går eg. Har eg dårleg tid blir det bil. Når eg går av bussen i Skien på Landmannstorget er det superenkelt å finne seg ein el-bysykkel. Det er parkeringssone rett ved busstoppet, og ved jobben min på Skagerak arena. Eit genialt tilbod som burde vore ein del av bussbilletten.
Når eg går av bussen i Skien på Landmannstorget
er det superenkelt å finne seg ein
Farte el-bysykkel
Ralph Høksaas, busspendlar
Tid for refleksjon
Utviklingsleiaren synest det er herleg å køyre buss til og frå jobb.
- På veg til jobb bruker eg tida på å gå gjennom kva eg skal gjere, og noterer litt. Eg bruker ikkje PC ombord i bussen, men ser det er fleire som gjer det. På veg heim frå jobb koplar eg meir av, då er det musikk på øyret og kvile.
Høksaas er veldig fornøgd med dei ni siste månadene han har pendla.
- Eg framsnakkar tilbodet så ofte eg kan, og er veldig fornøgd med kor godt det fungerer. Eg ser at det er mange som nyttar seg at dette, det blir meir og meir populært. Tek du 15.05 bussen frå Skien er den som regel alltid full.