På bussen kan eg kople heilt ut
Pendler Foran Farte Bussrute R1 Med Farte Bysykkel I Skien

På bussen kan eg kople heilt ut

Ralph Høksaas pendlar to til tre dagar i veka med Farte frå Bø til Skien. Les hvorfor han anbefaler det - kanskje det kan være noe for deg?
Publisert: fredag 22. september 2023 - 12:00
- Det eg liker best med å pendle med buss er at det er roleg. Eg slappar meir av enn når eg køyrer eigen bil. Eg kan la tankane vandre, og eg får mykje eigentid. Bussturen gir tid til tankeverksemd og refleksjon. Det er fint. 

Pendla sidan januar

Høksaas tek bussen i samband med jobben han har på Skagerak Arena som utviklingsleiar. Han starta i ny jobb i januar, og har pendla sidan då.

- Eg jobbar fire dagar i Skien, og bruker buss to til tre dagar. Eg var ikkje klar over dette tilbodet før ein kollega nemnde det til meg. Han bur også i Bø, og bruker også å pendle innimellom.

Pendler på vei ombord Farte R1 buss mellom Skien og Seljord

- Det er ikkje mange turane med bil du skal ha før du er oppe

i det same beløpet som eit månadskort

                                                                                                                                Ralph Høksaas, busspendlar

Billigaste måten å reise på

Å reise frå Bø til Skien kostar 500 kroner for 30 dagar, og er ein av grunnane til at Bøheringen-væringen pendlar. Han liker også at det er hyppige avgangar begge vegar.

- Buss er den desidert billigaste måten å reise på. Det er ikkje mange turane med bil du skal ha før du er oppe i det same beløpet. Det kostar med drivstoff, og ikkje minst bompengar. Eg likar også at det er så hyppige avgangar med bussen, ein slepp å vente for lenge på neste buss.

Sjå pris og rutetid i Farte Reiseplanleggar her

Bysykkel

I Skien kan Høksaas hive seg på ein el-bysykkel for å komme seg til jobben på Skagerak Arena.  I Bø pleier han å sykle eller gå for å komme seg til busshaldeplassen.

Les meir om Farte Bysykkel her

- I sommarhalvåret syklar eg til togstasjonen i Bø, på vinteren går eg. Har eg dårleg tid blir det bil. Når eg går av bussen i Skien på Landmannstorget er det superenkelt å finne seg ein el-bysykkel. Det er parkeringssone rett ved busstoppet, og ved jobben min på Skagerak arena. Eit genialt tilbod som burde vore ein del av bussbilletten. 

 Pendler på Farte R1 bussen og med Farte Bysykkel i Skien

Når eg går av bussen i Skien på Landmannstorget

er det superenkelt å finne seg ein

Farte el-bysykkel

 

                                                                                                                               Ralph Høksaas, busspendlar

 Tid for refleksjon

Utviklingsleiaren synest det er herleg å køyre buss til og frå jobb.

- På veg til jobb bruker eg tida på å gå gjennom kva eg skal gjere, og noterer litt. Eg bruker ikkje PC ombord i bussen, men ser det er fleire som gjer det. På veg heim frå jobb koplar eg meir av, då er det musikk på øyret og kvile.

Høksaas er veldig fornøgd med dei ni siste månadene han har pendla.

- Eg framsnakkar tilbodet så ofte eg kan, og er veldig fornøgd med kor godt det fungerer. Eg ser at det er mange som nyttar seg at dette, det blir meir og meir populært. Tek du 15.05 bussen frå Skien er den som regel alltid full.

Fant du det du lette etter?