Haukeliekpressen (2)

Bruk Fartes Periodebillett Telemark på Haukeliekspressen - hent koden her!

For reisande med Fartes periodebillettprodukt er det no mogleg å reservere plass med Haukeliekspressen på strekninga mellom Kongsberg - Haukeli.
Publisert: fredag 27. januar 2023 - 11.00

Ordninga gjer at du kan reise med gyldig Periodebillett Telemark på Haukeliekspressen mellom Kongsberg - Notodden - Seljord - Åmot - Haukeli i begge retningar. Til svært rimelege prisar.

Hvordan bestille?

Reisande legg inn ein kode ved bestilling av reise på Haukeliekspressen (NW180). I bestillinga legg du inn ønskte koden Farte2023 (uten mellomrom), ønska reisestrekning, talet på reisande og dato. 

Du skriv koden inn under feltet "rabattkode" ved bestilling på nett. Du bestiller plass på Haukeliekspressen her.

Bakgrunn

For å gjere det enklare og billigare å reise mellom lokalbuss og Haukeliekspressen i fylket er denne avtalen inngått mellom Telemark Bilruter og Vestfold og Telemark fylkeskommune. Det inneber at reisande kan nytte Fartes periodebillettar og bestille plass på ekspressen. Det gjeld alle alderskategoriane for periodebillett (vaksen, ung, ungvoksen, student, honnør), og på alle avgangar som Haukeliekspressen tilbyr på strekninga mellom Kongsberg-Notodden-Seljord-Haukeli. Haukeliekspressen korresponderer på regionalbuss R1 (Seljord-Bø-Skien) og lokalbussar på Notodden, i Seljord og Åmot.

Ingen plassgaranti utan forhandbestilling

Ingen plassgaranti utan førehandsbestilling: Utan førehandsreservasjon kan du risikere at det er fullt på bussen og at du må vente til neste avgang. For å vere sikra plass, førehandsbestiller du billett på nor-way.no med rabattkode Farte2023.

Periodebillett Telemark er ikkje gyldig aust for Kongsberg mot Oslo eller vest for Haukeliseter med ekspressen. 
Det kan berre reise ein person pr gyldig periodebillett, og det må leggjast fram gyldig billett på farte-appen eller reisekort på bussen, i tillegg til billetten frå Haukeliekspressen/Nor-Way.

Farte billetter på app og reisekort

Les om alle våre billetter og korleis du kjøper dei her. Det billigaste billetten blir kjøpt på Farte-appen. Det er også den enklaste å vise ved kontroll på buss. 

Priseksempler for 30 dager (månedsbillett) fra 1.februar 2023:

  • Periodebillett Telemark for vaksen: 500,-
  • Periodebillett Telemark  Ung 320,-  (6-19 år)
  • Periodebillett Telemark Student 470,- 
  • Periodebillett Telemark  Ung Voksen 470,- (20-29 år)
  • Periodebillett Telemark Honnør 410,- 

Farte reisekort: Denne ordninga er også gyldig med Farte reisekort. Då må papirkvittering takast med på ekspressbussen. Kvitteringa får du på ein gul farte-buss og må vise utløpsdato.

Hugs at du også kan bruke Periodebillett Telemark på alle gule Farte-bussar (inkludert R1 Seljord- Bø-Skien) og ferjene i fylket.

God tur!