Farte Regionsrute mellom Seljord og Grenland åpner 1.1.23
Familie Foran Buss I Skien (07) Per Stian Johansen

Farte Regionsrute mellom Seljord og Grenland åpner 1.1.23

Frå 1.1.2023 er det Farte som vil køyre denne strekninga. Det er fleire fordelar for kundane no som bussen blir Farte-gul.
Publisert: mandag 21. november 2022 - 12.00

Frå 1.1.2023 er det Farte som vil køyre denne strekninga. Rutetabell finn du her.

No kan du reise med alle fartebillettane - det betyr lågare enkeltbillettar på alle avganger.

Merk deg desse etterlengta endringar;

  • Det blir ein «ekstra» avgang frå Bø kl 0837 mot Skien og Porsgrunn. Den er ikkje vist i vedlagte tabell, men ligg i rutesøket på farte.no .  Denne korresponderer med Rjukanbussen, og går heilt til Porsgrunn, men innebærer bytte på Gvarv viss ein skal til Grenland.
  • Avgangen som Telemarkekspressen har kjørt frå Skien 1445 er flytta til kl 1500.
  • Ny avgang frå Grenland kl 1700.

Fram til no kjenner du kanskje ruta som Telemarkekspressen, men frå januar vil det vere Farte Regionsrute som køyrer strekninga. Rutetidene er uendra, men no kan du reise saumlaust med Fartebilletten din. 

Låge Farteprisar

Alle våre prisar for enkeltbillett i Telemark vil gjelde, samt for periodebillettar, der det fram til no berre har vore mogleg å bruke Farte periodekort med framvisning av kvittering.

Det billigaste billetten får du alltid med Farte-appen.

For oppdaterte rutetider og prisar sjå her.

Velkomen ombord 🚌